Prosjektbeskriving

Oppgåva


Du skal lage ein kort fiksjonsfilm med utgangspunkt i ein haldningskampanje mot ruskøyring.
De skal jobbe saman i grupper dei
Du skal sjølv filme klippa som skal vera med i din film.
Gruppa må samarbeide om location og de kan ha same haldningskampanje som utgangspunkt.
Men alle på gruppa skal ha individuelle storyboards og filme sine scener sjølv, med hjelp frå dei andre på gruppa.
Utfordringa her er at gruppa kan ha veldig ulike ønskjer på korleis dei vil filme og kvar dei vil filme. Me har og lita tid på prosjektet, så ein må bli eininge om nokre få location slik at alle på gruppa får filma tilstrekkeleg for sin film.

Ideen til tema på filmprosjektet kjem frå deathtrip. Dette er ein landsomfattande konkurranse der elevar frå vidaregåande skular engasjerast til å laga ein haldningkampanje mot ruskøyring.
Den beste kampanjen vinner 30.000 kr.


Krav til filmen

- Du må filme dine eigne klipp til filmen. Råmaterial frå filmen skal lastast opp på bloggen, med refleksjonar over korleis opptaka vart, kva gjekk bra, gjekk noko mindre bra? Kva var viktig å tenke på i høve innstillingar på kamera?


- Filmenslengde skal vera på minimum 1 minutt og maks 4 minutt.

- Må fylgje spenningskurva.

- Du skal bruke noko form for animasjon (t.d animert tekst - Sjå tutorial sida)

- Filmen skal ha tema rus og køyring.



Du skal og opprette blogg, som skal brukast aktivt i dette prosjektet (og forhåpentlegvis seinare)


DIN BLOGG:

Me stiller følgjande KRAV til din blogg:
  1. Namn; ditt fornamn-07filmprosjekt
  2. Faner/Sider*; Blogg + 3-2-1 + Filmer/Storyboards + LÆRT + Ressurser
  3. Det SKAL vera ein blogspot (google sin blogg)
  4. Det skal KUN vera du og lærane som er invitert til bloggen
  5. Teksten skal vera kort og god




*Innhold til "Sider"; 

 

Blogg:

Her fører du ein logg på din prosess. Kva lærte du? Kva utfordringar fekk du? Korleis løyste du utfordringane?

3 - 2 - 1:

Her skriver du dine 3-2-1refleksjoner. Pass på og skriv inn vekenummer på den veka dine refleksjonar gjeld. Frist for 3-2-1 kvar veke er fredag kl 20:00. Då blir bloggane sjekka.

Dette er 3-2-1:
Vurder deg selv!
3: Skriv ned 3 moment som du har lært denne veka
Snakk med en medelev!
2: Ta frem 2 moment som du tykte var vanskelege å forstå  og del dei med din medelev. Spør om ho/han kan hjelpa deg
Reflekter!
1: Skriv ned 1 moment som du ønskjer å læra meir om. Tenk over kvar og korleis du kan læra meir om dette.

Filmer/Storyboards:

Her legger du ut dei filmklippene du har filma. 
Saman med ein kort refleksjon om korleis scena vart. Kva som gjekk bra, nokon utfordringar? Kva kamera brukte du, kvifor? Nokon innstillingar du måtte passe på/sjekke før innspelinga? 

LÆRT:

Her legg du ut det du har lært, samt dei teoretiske oppgåvene som blir gjennomført i dette prosjektet.
Me er VELDIG nysgjerrige på kva du har lært i denne prosessen. Derfor er det viktig at denne siden/fanen blir so innhaldsrik som mogeleg. Om du ikkje lærer noko som helst må vi veta kvifor!
Bruk dette som en refleksjonsfane hvor vi lærere kan sjekke din kognetive evne ovenfor dette prosjektet.


Resurser:

Denne bloggen bør du byggje videre på frem til eksamenstiden i VG2/VG3. DERFOR bør du og bruke ein eigen fane til å samle resurser (lenker) du kan bruke langt fram i tid.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar